Når heile november og desember har regna vekk, og fingrane har gløymd korleis det er å klatre på noko anna enn Kilterboard, då ser ein på Yr.no med nye auge.
Kva er det du seier, Yr? Eit par regnfrie dagar i sikte i buldremekkaet på Jæren? Ja, takk. Då får det heller vere at det er lavtrykk så det held, med luftfuktigheit på 90 prosent og ingen vind. Med farga auge ser det ut som tidenes forhold.
Bilen blir pakka med stor iver, men eg merkar at tvilen gnagar. Kan det verkeleg ha tørka nok på så kort tid? Bak optimismen ligg det meir enn eit snev av desperasjon.
Like etter Ålgård, rundt ein halvtime sør for Stavanger, opner landskapet seg langs bilvegen, med store steinar overalt. Giringa stig kraftig.
Men asfalten er framleis våt. Ikkje eit godt teikn.
Det er heller ikkje eit godt teikn når fyrste planlagte stoppestad for turen ser slik ut:
Regndropane heng tungt frå både stein og tre.
Ein solid knekk i giringa.
Shit. Har optimismen vore for høg? Rett nok regnar det ikkje , men fuktigheita er skyhøg. Det tørkar ikkje.
Men alt håp er ikkje ute.
Heilt ute i havgapet på Jæren ligg nemleg Sirevåg, eit av dei mest utvikla feltene i Rogaland. Her finn du kule bulder i alle retningar, og viktigast av alt: Dei er som regel tørre. Er det ikkje brukbare forhold her, er det sannsynligvis ikkje det nokon plass.
På Sirevåg er det mange store og mektige linjer.
Heldigvis gjaldt det også denne gongen. Her får du dermed ei kort innføring til buldringa på Sirevåg og anbefalingar til bulder frå turen.
Men først føler eg eit behov for å presisere nokre faktorar som gjer at dette ikkje er ein fullverdig guide til Sirevåg:
Inntrykka er basert på ein tur på to korte dagar i januar. Det er godt over 300 etablerte bulder på Sirevåg, og eg skrapa knapt overflata i løpet av turen. Lokale ville nok kanskje ha rive seg i håret av alle buldera eg ikkje nytta mogelegheita til å prøve. Sannsynlegvis med rette.
Eg var åleine på tur. Det la føringar på kva bulder eg prøvde, på grunn av avgrensa mengde crashpads og mangel på spottar. I tillegg heldt eg meg for det meste nærme parkeringsplassen og vekke frå dei lengste anmarsjane.
Sjølv med desse avgrensingane er det meir enn nok av klassikarar å ta av på Sirevåg. Det er eigentleg urettferdig å presentere feltet som berre eit tørt alternativ når det er vått andre plassar. Det seier noko om kor mykje verdsklasse-buldring som finst i Rogaland.
Tre anbefalinger
Pegasus (7A+)
Flott linje på positive tak gjennom overhenget. Toppen er bittelitt luftig, men lett og fin. Ligg på Holmavatn-sektoren.
Bildet yter ikkje bulderet "Pegasus" (7A+) rettferd.
Den nakne og havet (7B+/7C)
Fysisk tunge flytt på slappe tak og utruleg kul kætsj til jug. Bonus: nabo-eggen, P16 (7A+) til venstre er også veldig fin. Husk teip!
Den nakne og havet (7B+/7C) er ein av mange klassikarar på Sirevåg.
Fettkreft (7A)
Estetisk linje med kompresjonsflytt på ein miks av krimps og slopere. Techy! Ops: Skarp på venstrehånd, husk teip.
Fettkreft (7A) ligg lett tilgjengeleg frå parkeringa.
Lynkurs i Sirevåg
På Sirevåg finst godt over 300 etablerte buldreproblem frå grad 3 til 8B, fordelt på 17 sektorar. Her finn du kule bulder på alle nivå, men det seier seg sjølv at jo høgare nivå ein har inne, jo meir utvalg har ein.
Det er også verdt å merke seg at buldringa i Rogaland ikkje har rykte på seg for å vere spesielt lett gradert.
Området ligg heilt ute mot havet i lågt og åpent lende. Det gir ofte vind og gode forhold. Her kan ein klatre året rundt.
Førar: Gratis nettførar på buldreinfo.com. Oversiktleg, gode skildringar, videobeta og google maps-lenke til parkeringsplassar.
Steinkvalitet: Til forskjell frå resten av steinen i Rogaland, som for det meste består av granitt, er steinen på Sirevåg anortositt, ifølgje nettføraren. Dette gir veldig god friksjon, men samtidig er det til tider også ganske grovt. Huden kan forsvinne raskt om du ikkje er forsiktig.
Eit tips er å bruke teip når ein varmar opp eller jobbar med enkeltflytt, og så heller ta den av når ein skal støyte.
Framkomst: Sirevåg ligg rundt 45 minutts køyring sør for Stavanger. Tog er også ein mogelegheit. Ein kjem seg lett til fleire av sektorane til fots frå togstasjonen, men bil er definitivt mest praktisk.
Hva synes du om denne saken?
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Klatring,
Fri Flyt, Terrengsykkel, UTE, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper. *Forutsetter bindingstid, og fornyes månedlig etter bindingstiden.
Norsk-klatring.no er skrevet av klatrere for klatrere, og formidler det som rører seg i det norske klatremiljøet. På nettsiden finner du grundige utstyrstester, teknikk—og treningsråd og inspirasjon til din neste klatretur.