Skotske Dave MacLeod melder at han, saman med klatrepartnar Calum Muskett, har gått ei ny rute i sør-vest veggen på nasjonalfjellet.
Drøye tre veker etterpå lever skotten framleis litt på turen.
– Ruta, og veggane på Stetind generelt, er absolutt i verdsklasse. Eg kjem ikkje på noko betre plass som eg har besøkt, seier han via telefon.
STETINDEN FRA VEST: Norges nasjonalfjell er litt av en bauta. Foto: Dave Macleoud
- Sjeldan alt går etter planen
Skottane peilte seg inn på ei linje med tilsynelatande mange flak, midt på partiet på sør-vest veggen der det er få ruter frå før av.
Og dei blei ikkje skuffa.
- Fantastisk og jamn klatring heile vegen opp på flak system, melder MacLeod entusiastisk.
FØRST: Dave MacLeod i den skarpe enden av tauet. Foto: Calum Muskett
Gradmessig meiner han at dei fleste av dei totalt rundt 17 taulengdene ligg på rundt E3, noko som vil seie rundt 7- i norsk gradering. Den hardaste taulengden ligg på rundt E5, altså 7+/8-.
- Korleis var sikringsmogelegheitane?
- Gode sikringer heile vegen. Det var nokre lette partier på kanskje 5-10 meter utan sikringar, men alle dei harde delene var godt sikra.
STOR VEGG: Skottane skulle eigentleg klatre rett gjennom det lyse fjellpartiet midt i bildet, men endra planen midtvegs og klatra rundt til venstre. Foto: Dave Macleoud
Erfarne sterkinger
Det skal seiast at Dave MacLeod er kjent for særdeles modig klatring på dårlige sikringar, og har også frisoloert 8b+.
– Gjekk alt etter planen? Ingen nær-døden opplevingar?
– Det er jo sjeldan alt går etter planen på denne type klatring i ukjent terreng. Vi møtte på nokre blanke partier der vi måtte reversere og finne ein annan veg, og sjølv om fjellkvaliteten er super, finn ein alltid nokre lause blokker som må fjernast. Men det var ingen dramatikk, seier MacLeod.
Skotten fortel at på crux-taulengden måtte dei stoppe og reinske mose. Då var det allereie begynt å bli seint og dårleg ver, så dei rappelerte ned og fullførte ruta neste dag.
Dei brukte då rundt 12 timar på ruta opp til ryggen, klauv resten av vegen til topps, og gjekk ned normalruta. 16 timar tur-retur totalt.
Når en langvarig drøm først går i oppfyllelse, kan det skje plutselig. Les historien om hvordan Stáddá (7/A0), den nye storruta opp sørvestveggen på Stetinden ble til.
To veker med regn
Dave MacLeod er ikkje noko lite namn i klatreverden.
Skotten er ein av verdas best allround-klatrarar, med bestigninger på 9a på sport, 8C bulder og E11 på eigne sikringar.
Dei siste åra har han fokusert på kortreiste prosjekter nær heimen i Skottland.
Turen til Norge og Stetind er faktisk den fyrste utanlandsturen han har hatt sidan 2018.
- Eg har hatt lyst å klatre på Stetind heilt sidan eg såg bilete av fjellet i ein klatreførar for mange år sidan. Det såg heilt fantastisk ut, og det var heilt openbert at det var mange, harde linjer som venta på å bli klatra, seier MacLeod.
I slutten av august innlosjerte han seg dermed ved foten av Stetind, og venta på eit vervindu. Lenge.
Heile to veker venta MacLeod på at regnskyene skulle lette.
- Heldigvis er eg tolmodig. Vi er ikkje akkurat bortskjemde med bra ver i Skottland heller, så det er eg vand til, seier han.
Når sjansen fyrst bydde seg, var det berre å trø på gassen.
FØRSTEBESTIGNING: Dave Macleoud like under toppen av Stetinden. Foto: Calum Muskett
Vil tilbake for å buldre
Dermed var dei to dagane med sol brukt opp for dei to skottane. MacLeod skulle gjerne hatt fleire.
– Eg skulle ønske eg kunne ha utforska buldringa meir, det er jo stein overalt. Berre rundt foten av Stetind fann eg fleire kule potensielle prosjekt. Men veret spelte ikkje på lag dessverre.
– Kor går turen neste gong du er i Norge?
- Eg vil veldig gjerne buldre meir, på stader der det er kjølige og gode forhold også på sommaren. Og sjølvsagt Flatanger, der har eg ikkje vore enno, seier MacLeod og fortset:
– Det er berre synd at ferja ikkje lenger går frå Skottland til Norge. Det hadde korta køyreturen kraftig ned og gjort reisa meir tilgjengeleg.
VAKKERT: Ikke rart Dave Macleoud trives i Norge. Foto: CalummMuskett
Ferje? Køyretur? Det høyrest jo unekteleg tungvint ut, kvifor ikkje setje seg på flyet som ville tatt eit par knappe timar?
Kortreist klatring
– Eg slutta å fly for ein del år sidan, av omsyn til klima.
– Eg kan ikkje seie at eg aldri kjem til å fly igjen, men eg må kunne rettferdiggjere flyturen for meg sjølv, og eg kan ikkje tenke meg ein klatretur som ville rettferdiggjort det for min del. På flyet hadde eg tenkt på all steinen eg flyr over, berre for å kome til ein annan litt annerledes stein, seier MacLeod.
Dermed køyrde han elbilen sin til Norge, via ferje til Nederland.
– Det er fleire fordelar med bil også. Det er billigare, meir praktisk og fleksibelt. Å ikkje fly føles ikkje ut som eit offer akkurat. Eg har det fantastisk med klatringa eg har tilgjengeleg i Skottland, og kan køyre elbilen min til Stetind når eg har sjans.
MacLeod byrjar å få ein del år i ryggmargen, og har sett korleis klimabevegelsen har utvikla seg over tid, eller kanskje rettare sagt, ikkje utvikla seg.
– Det har vore mykje snakk, men veldig lite som skjer. Det er lett å peike på dei store internasjonale selskapene og politikarane, men om vi ikkje er villige til å endre oss, kvifor skal dei? Eg har tru på sosialt press, seier han.
Samtidig flyr klatrarar som aldri før. Vi valfartar til Sør-Afrika, Sveits og USA.
– Klima og miljø blir snakka mykje om i klatremiljøet også, men eg sit vel med eit inntrykk av at det ikkje omsett til særleg mykje handling. Og det er litt merkeleg, fordi friluftsfolk er blant dei som kjenner klimaforandringane mest på kroppen, med mindre snø i fjellet og ustabile forhold, seier MacLeod.
ENDELIG OPPE: Dave Macleoud og Calum Muskett på toppen. Foto: Dave Macleoud
- Eg trur klatremiljøet er villige til å tilpasse seg, men vi må endre kva som er normen. Akkurat der har innflytelsesrike personar ei viktig rolle å spele, meg inkludert, sjølv om det er ein skummel tanke.
MacLeod deler gjerne sitt best tips til klatrarar som vil minske karbonavtrykket sitt:
– Flytt til en stad med mykje bra klatring.
Det har MacLeod sjølv gjort, og har aldri sett seg tilbake.
Når vi slår på tråden, er han på veg ut for å prøve eit av sine mange lokale prosjekt. Sjølvsagt.
– Eit langtidsprosjekt, som eg er usikker på om eg nokon gong kjem til å klare, seier han, og legg til:
– Men det er jo dei prosjekta som er mest morsomme.
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Klatring,
Fri Flyt, Terrengsykkel, UTE, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper. *Forutsetter bindingstid, og fornyes månedlig etter bindingstiden.
Norsk-klatring.no er skrevet av klatrere for klatrere, og formidler det som rører seg i det norske klatremiljøet. På nettsiden finner du grundige utstyrstester, teknikk—og treningsråd og inspirasjon til din neste klatretur.