Landslagsklatraren Regine Storå fekk spiseforstyrringar medan ho var på utviklingslaget. No vedgår klatreforbundet at utøvarane treng tettare oppfølgjing.
Regina Storå i aksjon under verdscupen i Japan 2023. Foto: Dimitris Tosidis
Lesetid: 8 minutter
I juni 2023 fekk bodøværingen Regine Storå beskjeden alle unge konkurranseklatrar drøymer om. Ho skulle klatre VM i Bern om to månader.
Men kroppen var allereie på brestepunktet. I løpet av eit par månadar hadde ho reist jorda rundt, deltatt i både verdenscupar og europacupar. Dessuten trente ho fleire timar dagleg, medan ho nesten ikkje åt.
Vekta måtte ned for å prestere, tenkte Regine. Den unge klatraren droppa fleire og fleire måltider.
Ho slutta å ha mjølk i kaffien, fordi ho frykta kaloriane.
Regine i desember 2022, under opptrening etter kneskade. Foto: Privat
World Cup Brixen 2023. Foto: Miguel Luis
NM led i Trondheim 2023. Foto: Mattis G. Husby
Storå forstod eigentleg inst inne allereie då at ho hadde utvikla eit problem. Ho kunne ikkje fortsette slik.
Fleire gonger besvimte ho av utmatting, berre av å stå oppreist.
– Men VM gav meg ein energiboost, ny motivasjon. Der og då tenkte eg at eg måtte berre presse meg gjennom det, og heller få hjelp etterpå, seier Storå.
Fram mot VM fortsatte ho dermed i same spor, berre strengare. Åtte timar trening kvar dag, nesten utan mat.
Magnus Midtbø og Tina Hafsaas er våre to beste konkurranseklatrere gjennom tidene. Begge to forteller nå åpent om spiseforstyrrelser i ung alder – og veien ut.
– Eg var totalt utmatta. Huden hadde til og med slutta å gro. Eg blødde frå fingrane allereie i oppvarminga.
Konkurransen gjekk som den måtte gå, med skuffande resultat.
– Det var knekken. Alt eg hadde ofra føltes ut som ein total waste.
Men igjen overtydde Storå seg sjølv om at vekta var problemet.
Vegen til å ta imot hjelp, kom til å bli lang.
Korleis kunne det gå så langt?
Blei påverka av proffane
No, cirka halvanna år etter bunnpunktet i VM, ønskjer Regine Storå å dele erfaringane sine frå 2023.
– Om mi historie kan vere til hjelp for berre ein annan, er det meir enn verdt det, seier ho.
Ho skrur tida tilbake til jula 2022.
Ein kneskade hadde nyleg sett ho ut av klatrespelet i to månader. Skadar kjem sjeldan på gunstige tidspunkt, og ei heller for Storå, som trente til konkurransesesongen i 2023.
Ho byrja å leite etter raske metoder for å komme i form igjen.
– Eg trente lite i den perioden på grunn av skaden og gjekk nok litt opp i vekt. Så eg tenkte at å gå ned i vekt var ein god strategi.
Innsbruck er eit mekka for verdas konkurranseklatrarar, og Storå legg ikkje skjul på at ho blei påverka av å sjå korleis alle proffane såg ut.
– Det er ikkje tvil om at veldig mange ser tynnare ut enn dei burde vere. Det er ikkje så lett å sjå når ein ser dei på skjerm, men i verkelegheita er det mange som openbert ikkje er sunne.
Men kanskje var det det som måtte til for å hevde seg, tenkte Storå.
Ho kutta ut fleire måltider dagleg. Samtidig var det ikkje uvanleg med økter på seks timar kvar dag.
I byrjinga såg ho effekt av vektnedgangen.
– Eg fekk betre fingerstyrke, men eg blei også supersliten, og det gjekk kraftig utover kvaliteten på øktene.
Regine under VM i Bern i 2023. Foto: Jan Virt
Fra europacupen i Belgia i 2023. Foto: Michaël Timmermans
Fra verdenscupen i Brixen i 2023. Foto: Miguel Luis
Regimet gjekk også utover humøret, ho hadde ikkje energi til andre ting enn trening. Ho ville helst berre sove, men også det var vanskeleg når ho konstant var sulten.
Dei to venninnene ho budde med i Innbruck byrja å bli bekymra. Dei spurde Regine om ho fekk i seg nok mat, om ho sov nok.
– Då blei eg berre irritert. Eg ville ikkje høyre det.
Regine hadde overtydd seg sjølv om at det var dette som måtte til.
La oss innse det; vekt (BMI) og klatring er noe klatrere ofte diskuterer og har meninger om. Det er liten tvil om at vekt kan ha noe å si, men å tro at man blir en bedre klatrer av å veie 2-3 kilo mindre er en misforståelse og en myte som har fått stå alt for lenge, skriver Gudmund Grønhaug.
Hugsar lite
Denne sesongen bestemte ho seg for å delta på alt ho kunne av konkurransar. Både verdenscupar og europacupar. Normalt sett vel utøvarar berre ein av delane.
No i ettertid ser ho at det var for mykje, både med reising og konkurransar. Kroppen blei brutt ned, sjølv om ho prøvde hardt å skjule det.
– Noko av det tristaste med 2023 er at eg nesten ikkje har noko minner frå reisane i USA og Japan. Eg hugsar veldig lite fordi eg var så sliten, seier Storå.
Utanladsopphaldet blei avslutta med VM i Bern i august 2023, som enda med ein skuffande 65. plass for Storå.
Ho flytta heim til Norge, til eit lite kollektiv i Oslo. Ho var klar over at ho pressa kroppen hardt det siste året, og no skulle ho bygge den opp att.
Men med ein gong ho la på seg litt vekt, blei ho livredd, og slutta å spise igjen.
Krangla med Olympiatoppen
Ein alvorsprat med ei venninne blei vendepunktet. Regine tok til slutt kontakt med lege på Olympiatoppen. I første time braut ho saman.
– Eg grein ein time i strekk. Det var første gong eg snakka skikkeleg med nokon om året.
Ho blei diagnostisert med ei kompleks spiseforstyrring og depresjon.
– Det føltes utruleg rart. Eg skjønte at eg hadde utfordringar, men ikkje at dei var så store. Særleg depresjonsdiagnosen forstod eg ikkje der og då, fordi eg tenkte ikkje på det slik. Men no i ettertid skjønar eg det jo.
Regine under verdenscupen i buldring i Innsbruck i 2023. Foto: Björn Poh
Fra NM buldring i Trondheim i 2023. Foto: Johan Gunnerud
Fra VM i Bern i 2023. Foto: Jan Virt
Den neste tida fram mot jul brukte Regine til å krangle med legen på Olympiatoppen. Enno var det utruleg vanskeleg å endre på matinntaket.
Til slutt gjekk ho med på å spise litt meir, men ho nekta å trene mindre. Det var i alle fall eit steg i rett retning.
I 2024 har Regine sakte men sikkert funne tilbake til seg sjølv.
– Eg har jobba hardt for å bli betre. Det har vore ein lang prosess som har gått opp og ned.
Det var ikkje før sommaren 2024 at kroppen byrja å oppføre seg normalt igjen, seier Storå.
– Vektreduseringa skulle liksom vere ein «quick fix», men enda opp med å koste meg over eit år med trening.
No har ho det mykje betre. Bacheloroppgåva i ernæring er levert, og ho er tatt ut på landslaget. Til våren skal ho igjen delta i verdenscupar i Asia. Vesentleg færre konkurransar enn i 2023, vel og merke.
– Eg gler meg veldig til å ha det bra på tur, og ikkje vere bekymra for kva eg et, seier Storå.
Ho vil likevel ikkje erklære seg frisk. Ho får framleis tett oppfølging frå Olympiatoppen og fastlege, særleg no før konkurransesesongen. Ho er fullt klar over at konkurransane kan vere ein trigger for ho.
Men lærdommane frå dei siste åra har vore verdifulle, trass alt.
– Skal ein trene mykje, må matinntaket halde følgje. Det er så lett, men kan samtidig vere så vanskeleg.
Storå er takknemleg for at ho hadde venner som såg ho og stilte spørsmål. Det var til slutt det som overtydde ho om å få hjelp, sjølv om ho lenge stritta mot.
– Klatremiljøet må vere gode til å kommunisere tydeleg kor viktig riktig ernæring er. Skal ein bli sterkare, må ein ete nok. Eg har høyrd fleire snakke om slankestrategiar som gode strategiar på kort sikt, men konsekvensane kan bli store.
Spiseforstyrringer i klatresporten har fått meir merksemd dei siste åra, og Storå har inntrykk av at ein har blitt meir bevisste på problemet.
– Likevel verkar det som at det er for mange som må gjennom det sjølv for å forstå kor øydeleggande det er. Meg sjølv inkludert.
– Ser vi må følgje utøvarane tettare
Johanna Solberg, generalsekretær i Norges klatreforbund (NKF), synst det er trist å høyre kor – Først og fremst vil vi gi ros til Regine fordi ho står fram med si historie. Vi veit at spiseforstyrringar er ei utfordring innan klatring og derfor er det viktig at vi tør å snakke om det, seier Solberg.
Fram til no har NKF ikkje hatt trenarar på landslag eller utviklingslag som følgjer utøvarane individuelt, fortel Solberg. Dette har i staden måtta skje på klubbnivå.
Solberg understreker at forbundet bidrar der dei kan, blant anna gjennom kontaktnett med Olympiatoppen, og dei har fokus på ernæring, antidoping og andre viktige tema på landslagssamlingane.
– Men vi ser at det er stort behov for å følgje opp utøvarane tettare. Frå 2025-sesongen vil vi derfor ha eigne landslagstrenarar for både dei funksjonsfriske landslagene og paralandslaget.
I 2024 byrja NKF å jobbe meir systematisk med å førebygga spiseforstyrringar enn før, seier Solberg. I august vedtok dei eit styringsdokument for sunn klatring, noko som blant anna inneber ein helseattest for utøvarane på landslaget.
– No er vi i gang med å følgje opp saman med klubbane for å auke kunnskapen, og sikre at helseskadelege spiseforstyrringar ikkje skal påverke utøvarar eller resultat.
Solberg viser til kunnskapsdatabasen Sunn Idrett. Her kan ein finne informasjon og direkte rådgjeving av psykolog gjennom ein anonym chat.
Hva synes du om denne saken?
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Klatring,
Fri Flyt, Terrengsykkel, UTE, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper. *Forutsetter bindingstid, og fornyes månedlig etter bindingstiden.
Norsk-klatring.no er skrevet av klatrere for klatrere, og formidler det som rører seg i det norske klatremiljøet. På nettsiden finner du grundige utstyrstester, teknikk—og treningsråd og inspirasjon til din neste klatretur.