KJENNING: Ikkje mange bruker meir tid i Loddefjord enn Erlend Sunde. Fotograf: Bjørn H. Rønning
Lesetid: 5 minutter
«Guds gave til våte bergensere».
Slik lyder namnet på den første ruta som blei bolta i Loddefjord, i det herrens år 1989.
Og få rutenamn er vel meir passande til eit felt.
På den fjortende strake dagen med regn, når alle dei andre veggane i Bergen og omegn er klissvåte, er det like tørt i Loddefjord.
Her er det nesten alltid mogeleg å klatre. Det bratte overhenget lagar eit tak som skjermar for det velkjente bergenske regnet, og skapar samtidig terreng for bratte, fysiske og ikkje minst harde ruter.
Feltet har derfor blitt prosjekteringsarena nummer ein for bergensklatrarane som vil pushe gradar. Gammal som ung.
- No som media er til stades kan eg annonsere det offisielt. Eg skal perse denne sesongen, seier Kristian Gjerding.
Ruta han har sett seg ut er klassikaren «Vet'a faen» (8+).
- Nokon som veit kor den går eller, seier han og ser spørjande rundt seg.
Det er mykje aktivitet i Loddefjord denne oktoberdagen.
Fleire jobbar inn flytt på prosjekta sine.
Magnus Kvamme skal borre tilbake cruxtaket på «En ny dimensjon» (9-).
Eit par boltelinjer lenger borte står Mari Augusta Salvesen og Marie Tamber og diskuterer beta på ruta «Farlig overheng» (8).
Trass i at Salvesen kjem frå Fyllingsdalen, ein drøy 10 minutts køyretur med bil unna Loddefjord, har ho ikkje klatra noko særleg her.
- Eg har tenkt fleire gonger at eg skal kome i gong med Loddefjord, men det har aldri heilt blitt til. Det har vel litt med at eg ikkje synest det er så veldig fint her, seier ho og ler.
- Det er ein litt uvand stil, men det er veldig gøy når ein finn ut av det, legg ho til.
Må ut av komfortsonen
Ein som absolutt ikkje er ukjend med stilen i Loddefjord er Erlend Sunde.
Det er ikkje mange, om nokon, som har fleire Loddefjord-økter i underarmane enn han. Til no i år har det blitt 44 kan han melde.
Ingen er meir kvalifiserte til å beskrive klatringa i Loddefjord til utanforståande.
- Den vil eg beskrive som “committing”. Mange av rutene har flytt og sekvensar som krev at du er litt aggressiv og “går for det”, seier han.
Ein må ofte ut av komfortsonen og satse. Ein kjem ikkje langt i Loddefjord med å nøla, fortset Sunde.
Tidlegare i haust gjekk han ruta Per aspera ad astra (9/9+) etter totalt 57 økter. Og han blir ikkje lei med det første.
- Det slår meg framleis, etter 17 år med klatring i Loddefjord, at det sjukt mange ruter der. Og så godt som alle saman er sjølvstendige linjer med unike kvalitetar. Det er heilt klart det beste feltet for hard sportsklatring.
Klatring av høg kvalitet, lett tilgjenge og regnsikkert. Ein skulle kanskje tru at det var kø på rutene, men det er sjeldan.
- Dei aller fleste er ikkje særleg mykje i Loddefjord. Det er stort sett dei same som går igjen år etter år. Nokre nye ansikt dukkar opp her og der, men eg vil seie at feltet er nok for dei mest ivrige sportsklatrarane, seier Sunde og utdjuper:
- Det er jo litt hardt og heftig i grotten, kan bli litt skummelt. Men skal en klatre hardt i Bergen, er Loddefjord stedet.
- Klatring før Loddefjord var å vente mellom bygene på Sotra
Kva betydning feltet har hatt for klatringa i Bergen, er det vel berre den eldre garde som kan svare på.
Dei som hugsar tida før Loddefjord.
- Før regnsikre Loddefjord betydde klatring å sitte ute på Sotra og vente på eit lite opphald mellom regnbygene. Eller traversere på betongveggar i korridorane i Haukelandshallen, seier Ansgar Espeland.
Som ein av pionerane i Loddefjord var Espeland med på den tidlege utviklinga.
Han fortel at feltet raskt blei eit eldorado for dei som bevegde seg opp mot 8-graden.
Øktene i Loddefjord blei nærmast som ei dagleg skuleøkt for fleire av dei som byrja å bruke store mengder i hula.
Dermed oppstod også «Loddefjordskulen» som eit begrep blant bergensklatrarane.
Pensumlista
Blücher (7+)
Grønn var min barndomssalat (8-)
Vet’a faen (8+)
Trubble (8/8+)
Rema 1000 (8/8+)
Fryktens spill (8)
Signaler fra kosmos (8+)
Overhengende fare (8)
Kong Olavs onkel var Jack the ripper (8/8+)
Scrotum (8+)
Som rektor av Loddefjordskulen, er det Espeland som eineveldig har skrive pensumlista.
- Desse rutene gav den framgangen ein var ute etter. Dei fleste i Loddefjord gjekk naturleg gjennom pensum uansett, om dei var klar over det eller ikkje, seier han.
- Korleis fekk du tittelen som rektor?
- Om ikkje demensen har tatt meg så meiner eg på at det stammar litt tilfedig frå ein dårleg vits signert Gunnar Karlsen. Men eg beheldt stillingen ved å vere meir eller mindre parkert i Loddefjord i fleire år.
Men det byrjar å bli ei stund sidan. Etter to hofteoperasjonar er ikkje formen det den var, seier Espeland.
- Men når hofta blir brukbar til heelhooking på Blücher, og friksjonen blir perfekt på “Fra angst til aksjon”, kven veit?
Å velje favorittbarn..
Heilt til slutt må vi utfordre Erlend Sunde og Ansgar Espeland til å namngi sine respektive Loddefjordfavorittar.
Ikkje nødvendigvis eit rett fram spørsmål.
- Er jo så mange, men eg kan slå eit slag for «Vet'a faen». Ruta har det meste. Jugs i henget, “funky” kvileposisjonar og grisekrimping på sva. Kanonrute, seier Sunde.
- Den er tricky. «Kong Olavs onkel var Jack the ripper» ligg godt ann, men «Scrotum» er sugande bra, seier Espeland, før han legg til:
- Men «Materialtretthet» har mest aura, spør du meg.
Fakta om Loddefjord
- Køyretid frå Bergen sentrum: 10 minutt.
- Buss: Drøye 20 minutt
- Ankomst frå P-plass: 10 minutt
- Totalt 81 ruter frå 6+ til 9/9+
- Sol frå kl.14
- Regnsikkert
Topp tre ruteanbefalingar frå Erlend Sunde:
- Kjem jo ann på nivå. Men «Grønn var min barndoms salat» (8-), «Kong Olavs onkel var Jack the ripper» (8/8+) og «Materialtretthet» (9-/9) er klassikarar.
Vis mer
Allerede abonnent?
Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Klatring,
Fri Flyt, Terrengsykkel, UTE, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
139,-
per måned
3 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
119,-
per måned
12 måneder*
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
99,-
per måned
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper. *Forutsetter bindingstid, og fornyes månedlig etter bindingstiden.
Norsk-klatring.no er skrevet av klatrere for klatrere, og formidler det som rører seg i det norske klatremiljøet. På nettsiden finner du grundige utstyrstester, teknikk—og treningsråd og inspirasjon til din neste klatretur.